fredag 15. oktober 2010

Alle fødslar til Førde


SOGN AVIS Administrasjonen i Helse Førde fylgjer tilrådinga frå styringsgruppa og føresler at alle fødslar i framtida skal skje ved ein utvida Kvinneklinikk i Førde.

Det er Helse Førde som skriv dette på sine heimesider.

– Det har vore brei semje om dei utfordringar vi står ovanfor. I gruppa var det kun ein representant som ikkje ville ta stilling til modellvalet på vegne av sin region. Det at vi hadde ei brei samansett faggruppe som var så klar i si tilråding var ein styrke for styringsgruppa. Alle i styringsgruppa har vorte høyrde og vi hadde mange gode diskusjonar i gruppa som gjev eit godt grunnlag for dei standpunkt som er tatt, seier han.

Forslaget inneber at alle fødslar i Sogn og Fjordane skal skje ved Kvinneklinikken på Førde sentralsjukehus. Men samstundes blir det lagt opp til at fødande frå Sogn og Nordfjord får eit godt tilbod om oppfølging på lokalsjukehusa, både før og etter fødsel.

Framleis lokale tilbod
– Vi ynskjer å opprette det vi har kalla ”Eining for svangerskap, barsel og kvinnesjukdommar ved NSH og LSH”. I ei slik eining skaler det vereeit mål å få til ei vaktordning med jordmødrer i tilstadevakt ved begge lokalsjukehusa, og med ei bakvaktsordning for følgetenestene. I tillegg kan ynskjer vi at tilbodet kan fungere som ein mellomstasjon for dei fødande med lengst reiseveg, seier Dvergsdal til Helse Førde.

Klinikkdirektøren meiner at tilbodet til risikofødande i Nordfjord og Sogn, med ein slik modell, vil verte betre enn i dag fordi gynekologar skal ambulere ut til sjukehusa for å fylgje opp desse kvinne.

I dette forslaget ligg det Forslaget inneber også at kvinnene, etter fødsel i Førde, kan få ha barselopphaldet sitt barselopphald ved lokalsjukeshusa, og såleis vere lokalsjukeshua, slik at kvinnene raskt kan halde fram barseltida nærare heimen.

Forslaget frå administrasjonen og etterkvart vedtaket i Helse Førde sitt styre er berre innspel til endeleg regional plan. Helse Vest skal handsame saka i sitt styre 15. november, før den går vidare til departementet.

• Les saka og kommentarar i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar