
NRK SOGN OG FJORDANE Ungdommar frå Lærdal leverte underskriftslister mot nedlegging av sjukehuset.
Helge Evensen Bjørkum (16) og Synnøve Askeland (15) frå ungdomsrådet reiste fredag til Oslo for å overrekke 553 underskrifter. Dette gjorde dei for å vise støtte til Lærdal sjukehus.
Lova på tru og ære
Dei blei møtt av sambygdingen Navarsete som mottok underskriftslistene.
– Ho lova på tru og ære å levere dei vidare til helseminister Anne Grethe Strøm-Erichsen.
Tidlegare har dei engasjerte ungdommane skrive brev til helseministeren der det stod at dei unge ikkje vil bu i Lærdal, Årdal og Aurland om sjukehuset vert lagd ned.
Ei sak som engasjerer
Aksjonsleiar Helge Evensen Bjørkum seier at Navarsete var glade for at dei hadde teke turen til Oslo.
– Vi fekk ei hyggeleg stund ilag med Liv Signe. Vi snakka også om vedtaket om å leggje ned fødetilbodet, noko vi tykkjer er uakseptabelt.
Saka om sjukehuset engasjerer både unge og eldre i indre Sogn og det har ikkje vore problem med å få ungdommen til å engasjere seg.
– Det var ingen av dei unge som sa nei til å skrive under på listene. Ungdommene bryr seg og tykkjer det er viktig.
Håper ho tek dei på alvor
Evensen Bjørkum veit ikkje kva utfallet av underskriftene blir.
– Men vI håper og trur at helseministeren tek meiningane våre på alvor og tek dette med seg i vurderingane sine framover.
• Les saka på NRK Sogn og FJordane ved å klikke her eller på overskrifta
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar