lørdag 16. oktober 2010

Vil samle bondehæren


FJORDABLADET Under neste årsmøte i Sogn og Fjordane Bondelag vil det ligge eit framlegg frå Eid Bondelag på bordet, der ein vil ha alle bøndene i fylket til å stå samla bak kravet om fullverdige lokalsjukehus i Eid og Lærdal.

Leiar i Eid Bondelag, Knut Tore Nes Hjelle, meiner det er avgjerande at ein står samla bak kravet om å bevare lokalsjukehusa i fylket. – Ein samla bondehær frå Sogn og Fjordane må stå opp for lokalsjukehusa, meiner Nes Hjelle.

Utsett for ulykker
Han håpar at også bønder frå dei delane av fylket som ikkje soknar til eitt av lokalsjukehusa vil støtte ein felles uttale.
- Bønder har eit yrke som dessverre er svært utsett for ulykker. Derfor er det avgjerande å ha akuttfunksjonar så nær som mogleg. Eg både håpar og trur at ein viser lojalitet overfor yrkesbrødre, slik at vi kan stå samla bak ein uttale om å bevare lokalsjukehusa, seier Nes Hjelle.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta
• Les heile saka i papiravisa laurdag 16. oktober. Kjøp pdf-fil ved å klikke her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar