fredag 29. oktober 2010

Helse Førde: Legg seg flate og beklagar


NRK SOGN OG FJORDANE Helse Førde legg seg flate og beklagar feilinformasjon i samband med det framtidige fødetilbodet på Nordfjordeid.

Trass i at tre personar i faggruppa for det framtidige fødetilbodet i fylket ikkje vil leggje ned fødeavdelinga på Nordfjordeid, har Helse Førde hevdar at det er fagleg semje om nettopp nedlegging.

– Det blei gjort ein feil
– Vi beklagar at dette har kome skeivt ut, seier Arne Eithun, informasjonssjef i Helse Førde.

Eithun viser til at det heile skuldast ein glipp.
– Det blei gjort ein feil når det ferdige arbeidet blei oppsummert. Det har aldri vore meininga å tileigne dei noko dei ikkje har hatt mandat til eller som dei skulle gå inn og drøfte.

Har beklaga
– Korleis kunne de gå ut og seie at det var fagleg semje om dette, når det var tre personar i gruppa som ikkje ønskte nedlegging av fødeavdelinga på Nordfjordeid?

– Det som er realitetane her, er at det er laga ein rapport frå styringsgruppa der det kjem til uttrykk at faggruppa har drøfta vidare drift av ei fødeavdeling i Nordfjord. Det er ein feil. Det er ein trykkfeil. Det skulle stått at det er styringsgruppa som har gjort det, for dette var ikkje mandatet til faggruppa. Det er dette enkelte i faggruppa har følt at har vore vanskeleg. Fordi det ikkje har vore mandatet deira. Det er heilt rett, og dette har vi snakka om i dag og beklaga overfor dei, seier Eithun til NRK.

Godtek orsakinga
Overjordmor Linda Grotle Hauge ved Nordfjord sjukehus har site i faggruppa for det framtidige fødetilbodet i fylket. Tidlegare torsdag sa Grotle Hauge at ho følte seg misbrukt og krevde ei orsaking frå direktøren i helseføretaket.

Det føler ho at ho no har fått:
– Eg aksepterer det heilt. Eg forstår at dette har vore ei vanskeleg sak både for dei og for oss. Eg har ikkje lyst å spekulere meir i dette her. Eg konstaterer at dei har gått ut og sagt at det er feil.

• Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar