mandag 11. oktober 2010

Vil ikkje love noko for sjukehusa


NRK SOGN OG FJORDANE Stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet, Ingrid Heggø, vil ikkje love ei framtid for føde- og akuttilbodet i Nordfjord og i Sogn.

Erling Sande frå Senterpartiet seier han ikkje vil stille til attval om lokalsjukehus vert nedlagt og kallar føde- og akuttilbod for berebjelkar ved lokalsjukehusa.

Han varslar også regjeringskrise om Senterpartiet tapar kampen.

- Ikkje verdt å diskutere


Men Ingrid Heggø meiner utspelet ikkje er verdt å diskutere.
– Dette er eit sjølvstendig utspel frå Erling Sande og eg ønskjer ikkje å kommentere det.

Heggø som er leiar for stortingsbenken frå fylket, vil ikkje ta debatt kring utspelet til Erling Sande om framtida til lokalsjukehusa.

Varslar regjeringskrise
Sande varslar regjeringskrise om lokalsjukehus vert lagt ned, og seier han ikkje vil ta attval til Stortinget om dette skjer.
– Det som går på føde-og akuttilbod er ein sentral del av lokalsjukehusa i fylket vårt. Det er grunnstammen i det. Vi kan ikkje seie at alt skal vere som før, men når det gjeld føde- og akutt som representerer det ein tryggleik som er ein av bærebjelkane.

Utfordrar stortingsbenken
Sande seier samtlege parti før valkampen lova å sikre lokalsjukehusa og utfordrar resten av stortingsbenkenpå om dei står for det dei sa. Men Ingrid Heggø meiner Sande dreg opp ein debatt som ikkje er aktuell no, ho viser til at regjeringa alt har lova å bevare lokalsjukehusa.
– Eg meiner at det er ei uaktuell problemstilling. I desse dagar behandlar Stortinget ein nasjonal helseplan. Der skal vi gå gjennom det som skal vere innhaldet i lokalsjukehuset. I Soria Moria står det klart at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned.

– Kva kan du seie om føde- og akuttilbod?
– No behandlar vi den nasjonale helseplanen. Om tre veker har vi eit klarare svar på kva innhaldet skal vere.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar