lørdag 30. oktober 2010

Ungdomsrådet møtte statsråden


SOGN AVIS Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete lova i går på tru og æra å få underskriftene frå ungdomsaksjonen i Sogn fram til rette vedkomande. Statsråden rosa også initiativet frå ungdomane.

– Dette var stas, me vart godt mottekne og føler me vart tekne på høgste alvor, seier Synnøve Askeland (15) og Helge Evensen Bjørkum (16) etter møtet i Kommunal- og regionaldepartementet i går ettermiddag.

Dei to har stått i bresjen for ein underskriftsaksjon mot nedlegging av sjukehuset i Lærdal mellom ungdomar i alderen 13-19 år i Årdal, Lærdal og Aurland. Dei har samla inn heile 553 underskrifter.

– Dette er svært imponerande, sa kommunalminister Liv Signe Navarsete, då ho tok i mot dei to ungdomane i går. Tenåringane kunne fortelja at ikkje ein einaste ungdom dei har spurt har sagt nei til å skriva under.

Viktigare
Før Liv Signe Navarsete kom ut frå eit intervju med Dagsrevyen om Eidsiva-notatet, sa ungdomane at dei vona å få Navarsete til å ta underskriftene, og bøna om å halda liv i sjukehuset og fødetilbodet i Lærdal, vidare til helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen.

– Helseministeren har jo sagt at ingen sjukehus skal leggjast ned. Me vonar ho står ved lovnadene sine og at Liv Signe Navarsete kan bidra i så måte, sa dei til Sogn Avis.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar