lørdag 30. oktober 2010

Vil ha omkamp om fødetilbod


NRK SOGN OG FJORDANE Stortingspolitikar og tilsette vil ha omkamp om Helse Førde sitt styrevedtak.

Stortingsrepresentant Kjerti Toppe (SP) vil at Helse Førde skal gjere arbeidet med fødeplanen om på nytt.

Ho seier til Bergens Tidende at Stortinget la heilt andre premissar til grunn då dei påla helseføretaka å utarbeide områdeplanar for fødetilbodet enn det Helse Førde har lagt opp til.

- Når dei ikkje har biltt bedt om det, må faggruppa få høve til å vurdere ei vidareføring av eksisterande tilbod ved sjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid, seier Toppe til avisa. Toppe er også nestleiar i helse og omsorgskomiteen på Stortinget.

Vekt kraftige reaksjonar
Styrevedtaket til Helse Førde forrige fredag om å legge ned fødetilboda har vekt sterke reaksjonar. Særleg har det vekt misnøye at styreleiar og leiing har hevda at det er full fagleg semje om nedlegging. Dete har vist seg å vere usant og klinikkdirektør Tore Dvergsdal i Helse Førde har denne veka beklaga utsegna.

Toppe meiner det er kritikkverdig at Helse Førde ikkje ein gong har lete faggruppa vurdere ei vidareføring av fødeavdelinga på Nordfjordeid og den forsterka fødestova i Lærdal.

- At ei faggruppe ikkje har mandat til å vurdere fødetilboda som i dag er ved lokalsjukehusa meiner eg er heilt urimeleg. Dei bør ta opp att arbeidet for å vinne tilbake litt legitimitet og tillit hos folk i Sogn og Fjordane.

- Økonomisk - ikkje fagleg
Toppe seier det frå utsida ser ut til at det er økonomiske grunnar som fører til nedleggingsvedtak, trass i at Stortinget har sagt at det ikkje kan skje ut frå økonomiske grunnar.

Helse Førde styret har på si side sagt at det er det faglege som er årsaka. Mellom anna viser dei til krav om at det må vere minst fire gynekologar knytta til ei fødeavdeling. Men Toppe meiner det vert for enkelt.

- Om det hadde vore slik kunne Stortinget berre sagt at små fødeavdelingar kan leggjast ned. Då ville både Eid og Volda ryke. Stortinget har bedt om ei heilskapleg vurdering av fødetenestene, seier ho til Bergens Tidende.

Også tilsette vil ha omkamp

Tilsette ved Nordfjord sjukehus vil også ha omkamp om nedleggingsvedtaket. Overjordmor Linda Grotle Hauge som var ein del av faggruppa til Helse Førde seier til Fjordabladet at prosessen har blitt manipulert av måten den er lagt opp på.
- Eg føler at denne institusjonen hadde fortent betre.

Grotle Hauge seier til avisa at ho vil arbeide ovanfor Helse Vest for å skaffe prosjektmidlar som det kan vere råd å få tak i. Ho ynskjer eit prosjekt som kan sjå på korleis ein kan behalde fødeavdelinga.

- Målet med prosjektet vil vere å sjå korleis ein skal organisere seg for å behalde fødeavdelinga. Eg er ikkje i tvil om at fødeavdelinga er viktig for at folk skal busetje seg i regionen, seier Grotle Hauge til Fjordabladet.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar