fredag 22. oktober 2010

Har sagt nei til Lærdal



SOGN AVIS Styret i Helse Førde meiner at fødetilbodet i Lærdal bør leggjast ned.

Det er ikkje Helse Førde-styret som avgjer dette, men det er liten grunn til å tru at Helse Vest-styret vil overstyra Helse Førde i denne saka. Det var rapporten frå ei arbeidsgruppe som vart vurdert av styret i dag, og denne gruppa går klart inn for den såkalla modell 1, der Førde står att med fødeavdeling, medan både Lærdal og Eid sitt fødetilbod vert lagt ned.

Styret har nett no vedteke at det må investerast mykje i nytt medisinteknisk utstyr i Helse Førde.

– Me ønskjer no å avliva den myten at me skal byggja ned lokalsjukehusa. Me skal ha topp utstyr på sjukehusa, sa styreleiar Clara Øberg.

• Klikk her eller på overskrifta for å lese saka og kommentarane i Sogn Avis

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar