lørdag 16. oktober 2010

Starheim: – Helsestatsråden vil ikkje gripe inn


FJORDABLADET – Eg tolkar svaret frå helseministeren som om at ho ikkje kjem til å stoppe nedbygginga av Nordfjord sjukehus.

Dette seier Åge Starheim (Frp) etter at statsråd Anne-Grethe Strøm-Erichsen (Ap) har gitt svar på spørsmålet han stilte i førre veke. Starheim sitt spørsmål var; «Vil statsråden gripe inn og stogge nedlegginga/nedbemanninga av Nordfjord Sjukehus?»
I sitt svar til Starheim skriv helseministeren; «Eg har i einkvar samanheng uttrykt regjeringa sin politikk på området. Regjeringa er klar på at ingen lokalsjukehus skal leggast ned, og at ein framleis skal ha sjukehus på alle dei tre stadene det er lokalsjukehus i Sogn og Fjordane i dag; Førde, Nordfjordeid og Lærdal.

Fødetilbodet
– Det eg i tillegg har sagt er at vi kjem til å ha eit indremedisinsk tilbod både på sjukehuset i Lærdal og i Nordfjordeid, slik at ein skal kunne ta seg spesielt godt av pasientar med kroniske sjukdomar også ved akutt forverring av sjukdommen. Når det gjelder fødetilbodet, så er det lagt opp til at Helse Vest RHF utarbeider ein heilskapleg og lokalt tilpassa plan for fødetilbodet innan 15. november 2010. Denne planen skal leggast fram for departementet. Dette er eit ledd i oppfølginga av Stortinget si behandling av fødemeldinga i fjor.

Politiske signal
– Eg har ein klar forventning til at styra for dei regionale helseføretaka og underliggande helseføretak har fanga opp dei politiske signala som er gitt i saka, men eg vil samtidig gjere det klart at eg som helse- og omsorgsminister alltid vurderer om saken er av ein slik karakter at den skal vidare inn til departementet.
Til slutt vil eg minne om at saka om framtidig organisering av sjukehustilbodet i Sogn og Fjordane skal behandlast i Helse Vest RHF i løpet av hausten, skriv Anne-Grethe Strøm-Erichsen i sitt svar til Åge Starheim. .

Hensikta?
– Svaret fortel meg for det første at helseministeren ikkje kjem til å gripe inn og stoppe nedbemanninga/nedlegginga av Nordfjord sjukehus. For det andre fortel svarte meg at dei som har vore i møte med departementet ikkje har fått andre lovnader enn det som kjem fram i statsråden sitt svar på mitt spørsmål. Svarte fortel meg også at delegasjonane frå Nordfjord, som har vore i departementet, ikkje har bedt om ei konkretisering på kva innhald lokalsjukehusa skal ha. Om dei har gjort det, så har dei truleg fått det same svaret som det vi har fått når dette spørsmålet har blitt stilt. Nemleg ikkje noko svar. Spørsmålet mitt blir då kva hensikt ein har hatt med alle turane til Oslo og møta med departementet?, spør Starheim.

Ikkje sjukehus
– Svaret frå Strøm-Erichsen når det gjeld fødetilbodet ved lokalsjukehuset i Lærdal og på Nordfjordeid, eit tilbod faggruppa i Helse Førde har føreslått å legge ned, tolkar eg som at statsråden ikkje kjem til å stoppe. Ei nedlegging av fødetilbodet betyr i realiteten at ein sagar bort endå ein fot som sjukehuset kviler på. Alle skjønar at då at heile sjukehuset haltar vidare, utan å vere eit fullverdig sjukehus, seier Åge Starheim.

Etiske retningslinjer
Framstegspartipolitikaren tykkjer det er svært skuffande at helsesatsråden ikkje ser og tek på alvor den frustrasjonen som rår blant dei tilsette.
– Eg har stor forståing for dei tilsette ved Nordfjord sjukehus sin frustrasjon over det som skjer med sjukehuset. Vi har etiske retningslinjer i staten som er klare på korleis tilsette skal behandlast. Det som skjer ved Nordfjord sjukehus er etter mitt syn klare brot på desse retningslinjene. Dersom personalpolitikken til helseføretaket fører til at svært høgt kompetent helsepersonell pakkar saman og reiser frå Sogn og Fjordane, så er det i første rekkje eit stort tap for befolkninga i fylket. I tillegg kjem vi ikkje unna at helsestatsråden har eit stort ansvar som tillet at det skjer. Ein ting er sikkert, statsråden kan ikkje påstå at ho ikkje har blitt gjort kjent med denne situasjonen, seier Åge Starheim.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar