fredag 22. oktober 2010

Vil leggje ned føden uansett



NRK SOGN OG FJORDANE Sjølv om det skulle kome meir pengar frå staten vil styret i Helse Førde uansett leggje fødetilboda på Nordfjordeid og i Lærdal.

Vedtaket er eit innspel i høyringsrunden til ein plan for svangerskap, fødsles- og barselsomsorg for heile Vestlandet.

Helse Førde har tidlegare gått inn for nedlegging av fødeavdelinga på Nordfjordeid og fødestova i Lærdal dersom dei ikkje fekk tilført meir midlar frå staten.

– Ikkje fagleg tilrådeleg
Denne gongen går dei eit steg lenger, og seier det i høve framtidige krav ikkje er fagleg tilrådeleg å ha fødetilbod i Lærdal og på Nordfjordeid. Økonomi blir denne gongen ikkje kopla opp mot vedtaket.

Det einaste fødetilbodet i Sogn og Fjordane blir dermed ved Førde sentralsjukehus.

Samrøystes vedtak
Styrevedtaket var samrøysta og det var sterkt støtte til faggruppa sitt arbeid om at fødetilboda i Lærdal og i Eid skal leggjast ned.

Også dei to Senterpartipolitikarane i styret, nestleiar Jorunn Ringstad og Anni Felde, stilte seg fullt og heilt bak tilrådinga.

Styremedlem Knut Cotta Schønberg la vekt på at dagens ordning der gyneologane går lange vakter ved lokalsjukehusa, ikkje kan halde fram lenger
– Kvifor skal spesialistane jobbe veke etter veke i strekk, det er uhøyrt, sa han.

Samarbeid med andre
Helge Bryne som er Helse Vest sin representant i Helse Førde-styret, meiner nedlegging av fødetilboda fangar opp den moderne medisinen og dei enklare reisemoglegheiten vi har i dag.

Vedtaket inneber også at det skal starta eit samarbeid om fødetilbodet med Helse Sunnmøre og Helse Bergen

• Klikk her eller på overskrifta for å lese saka "Vil leggje ned føden uansett" hjå NRK Sogn og Fjordane

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar