mandag 25. oktober 2010

Presisering fra fødeavdelinga på Nordfjord sjukehus: -Ikkje betre i Førde


FJORDABLADET -Det blir ikkje fagleg betre for kvinner frå Nordfjord å føde i Førde.

Fredag ettermiddag kunne NRK-lyttarane høyre klinikkdirektør Tore Dvergsdal og styreleiar Clara Øberg gje uttrykk for si meining om kvifor fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus bør leggjast ned. Leiinga sin måte å omtale fødeavdelinga og somme av dei tilsette der på, har skapt sterke reaksjonar både blant folk flest og dei som jobbar på sjukehuset. I samband med dette har dei tilsette ved fødeavdelinga sendt ut følgjande melding:


” Til befolkningen i Nordfjord

Vi på Føden ved Nordfjord Sjukehus HF har behov for å presisere følgende:

1. Det vil ikkje bli fagleg betre for fødekvinnene i Nordfjord etter den foreslåtte modellen der alle kvinnene i fylket skal føde ved Sentralsjukehuset i Førde.

2. Overjordmor ved Nordfjord Sjukehus har sete i faggruppa for ”områdeplanen for svangerskap, fødsel og barselomsorga” i Sogn og Fjordane og har dermed vore med på å gå inn for modellen med at ALLE FØDANDE i fylket skal bruke Sentralsjukehuset i Førde som fødestad. Pga faggruppas mandat var der ingen mogelegheit til å velje noverande FØDEAVDELIG. Modellen vart valgt som alternativ til FØDESTOVE.

3.Gynekologene er fagleg på høgde sjølv om dei er over 60 år.

4. Gynekologene har fullt opp å gjere sjølv om nokre få risikogravide vert henviste til å føde i Førde. Dei fleste som henvisast til Førde har behov for barnelege/barneavdeling.

VI OPPFORDRER ALLE TIL Å SI SIN MENING OM FREMTIDENS HELSE- OG OMSORGSTJENESTER. DIN MENING TELLER. ”


• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar